Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Rumenarar snart på krimtoppen

(NPK-NTB): Utlendingar i norske fengsel utgjer i dag 27 prosent av fangane. Rumenske statsborgarar er den enkeltgruppa som veks mest, og i dag sit det 65 rumenarar fengsla i Noreg.

Litauarar er framleis den største gruppa med 77 personar, medan Polen er på andreplass med 72 fangar. Per 1. september utgjorde utlendingane 904 av totalt 3.261 innsette, eller drygt 27 prosent, medan det i 2006 sat 531 fengsla, noko som utgjorde 17 prosent, skriv Aftenposten.

Politidirektør Ingelin Killengreen fryktar at dette er eit problem som er kome for å bli.

- Så lenge det er så stor forskjell på rike og fattige land i Europa vil me oppleve at mange kjem hit for å vinninga si skuld. Problema er dei same i Sverige, Danmark og Finland. Eldre menneske opplever brutale ran, men eg er også oppteken av innbrot i bustad, som kan gi livsvarig skade fordi det gjer noko med tryggleiken til den enkelte i eigen heim. Difor er den konsentrerte innsatsen politiet har sett i gang heilt nødvendig, seier Killengreen.

Kriminalomsorga sitt Yrkesforbund (KY) foreslår no at utlendingar bør samlast i eitt eller nokre få spesialfengsel:

- Då kan me samle tilsette med spesiell kunnskap om språk og kultur. Innsette som språkleg sett sit isolert kan utvikle traumar, samstundes som det er eit tryggleiksproblem når betjentane ikkje forstår språket grupper av innsette pratar seg imellom, seier forbundsleiar Knut Are Svenkerud. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.