Spørjeundersøkingar viser gang på gang at folk ønskjer å flytte til mindre stader, men i realiteten er det ganske få som faktisk gjer det, skriv Nationen.
Ei undersøking frå Nordisk ministerråd for nokre år sidan viste at fire av fem i dei nordiske landa flyttar fordi dei vil, ikkje fordi dei må. Det blir stadfesta av norske forskarar.
- I mine studiar har eg funne at jobben er det siste som fell på plass. Folk veit kvar dei vil bu, kvar dei ønskjer jobb og kven dei vil vere saman med, og dei flyttar når jobben dukkar opp, seier forskar Mariann Villa ved Bygdeforskning.
Villa viser også til forskar Gro Marit Grimsrud, som for Østlandsforskning gjorde funn som viste at venner og det ein kan kalle likesinna miljø er med og freistar ein tilflyttar eller tilbakeflyttar.
- Men stadig fleire veks opp i sentrale strok, og dermed blir det færre grunnar til å flytte tilbake til områda med spreidd busetnad. Samstundes blir det også fleire som kan busette seg der dei vaks opp, nettopp fordi dei vaks opp i sentrale strok, seier ho. (©NPK)

