- Me veit meir enn det som er offentleg kjent, men me vil ikkje seie noko meir no på grunn av etterforskinga, sa ei anonym politikjelde til VG Nett onsdag.
Sjølv om drapsetterforskaren meiner politiet har situasjonen under kontroll, vil han ikkje seie noko om når Zhao Fei kan bli arrestert.
Thronsen sin kinesiske ekskjærast vart først etterlyst tidleg onsdag morgon, nesten fire døgn etter det drapstidspunktet politiet forheld seg til. Det vart heller ikkje sendt ut nokon internasjonal etterlysing før onsdag.
Den 21 år gamle norske studenten vart funnen drepen på eit ungdomsherberge i den ungarske hovudstaden, Budapest. Politiet meiner ho vart drepen på same stad laurdag formiddag. (©NPK)

