Det var den 26 år gamle kinesiske ekskjærasten til den drepne Pernille Marie Thronsen som leigde rommet ved herberget der ho vart funnen, skriv det ungarske nyheitsbyrået MTI, ifølgje NRK.
Leiaren for City Guesthouse Flora har allereie stadfesta overfor VG at Thronsen ikkje sjølv leigde rom ved herberget.
- Eg kan stadfeste at den drepne ikkje var gjest på gjestehuset, seier Balazs Rado til avisa. (©NPK)

