Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Samarbeider for å stoppe overgrep

(NTB-NPK): Ein mann kan ha antasta over ti jenter i Oslo og Akershus dei siste dagane. Politiet prioriterer saka høgt.

Jenter på skular både på vestkanten i Oslo og Akershus har dei siste dagane fortalt om ein mørkhuda og skalla mann som har antasta dei.

- Me har sjølvsagt innleia samarbeid med Asker og Bærum politidistrikt. Me vil også ta kontakt med andre politidistrikt i nærleiken for å høyre om dei har liknande saker, seier politiinspektør Hanne Kristin Rohde ved volds- og sedelighetsseksjonen i Oslo politidistrikt til NTB.

Rohde vil ikkje konkludere med at det er same mann som har vore involvert i alle sakene.

- Men me har registrert at fleire barn har vorte antasta av ein person som tykkjer å vere den same. Saka har høg prioritet, seier Rohde.

Politiinspektøren vil ikkje skremme barn unødvendig, men meiner vaksne bør vere litt ekstra på vakt. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.