Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

UEFA forbyr vuvuzelaen

(NPK-NTB-Reuters): Det europeiske fotballforbundet (UEFA) forbyr vuvuzelaen på alle sine kampar.

Vuvuzelaen var både elska og hata under VM-sluttspelet i Sør-Afrika i sommar. Onsdag opplyste UEFA at det ikkje vil vere lov å ta med vuvuzelaer på kampar i regi av forbundet, som i EM-kvalifiseringa, meistarligaen og europaligaen.

- Det europeiske fotballforbundet har informert dei 53 medlemsnasjonane om at dei har teke dette grepet på grunn av fotballkulturen og - tradisjonen i Europa. Atmosfæren under kampane ville blitt forandra av lyden frå vuvuzelaene, heiter det i ein uttale frå UEFA. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.