VG skreiv onsdag at dei private barnehagane kom til å vinne fram med viktige delar av kritikken mot regjeringa sitt forslag om utbytteregulering.
Familiepolitisk talskvinne i Ap, Gunn Karin Gjul, avviser derimot overfor NTB at dette er rett.
- Det er feil, det blir utbytteregulering av dei private barnehagane. Det står regjeringa fast på, seier Gjul.
Til VG sa ho at ho var open for å sjå på andre måtar å gjere forslaget betre og meir presist på, men ho seier at ho ikkje snakka om utbyttereguleringa av private barnehagar, men om sal av barnehagar.
- Dette handlar om to ulike ting. Det eine er sjølve utbyttereguleringa og det andre dreier seg om sal av barnehagar. Det kjem også ein regel om sal av barnehagar, men der har regjeringa også allereie i høyringsnotatet vore open for å få innspel om korleis denne regelen skal formast, seier ho til NTB. (©NPK)

