Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Ventetida ved sjukehusa aukar, fleire blir behandla

(NPK-NTB): Ventetida ved norske sjukehus auka i fjor samanlikna med 2008, men samstundes får fleire behandling.

Ein rapport frå Helsedirektoratet viser at det er skilnader mellom helseregionane. Rapporten viser at ventetida på poliklinisk behandling for ein vanleg pasient auka til 50 dagar, éin dag meir enn i 2008. Ventetida for dagbehandling var 49 dagar, det same som året før, medan ventetida for planlagde innleggingar auka med to dagar til 37.

Omtrent tre av fire pasientar som venta på behandling i spesialhelsetenesta får behandling innan tre månader. I rusbehandlinga blir to av tre pasientar tekne inn innan tre månader.

- Generelt er det framleis behov for å redusere ventetida i norsk helseteneste. Spesialisthelsetenesta bør ikkje slå seg til ro med at tre av fire pasientar får eit tilbod innan tre månader, seier helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.

Heller ikkje helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) er nøgd med at ventetida aukar: - Ventetida skal ned. Eeg skal ha månadleg rapportering, slår ho fast. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.