Barak antydar at palestinarane kan få kontrollen over gamlebyen, der al-Aqsa-moskeen og klagemuren ligg.
- Vest-Jerusalem og tolv jødiske bydelar med 200.000 innbyggjarar vil bli vårt. Dei arabiske bydelane der det bur nesten ein kvart million palestinarar, vil bli deira, seier forsvarsministeren i eit intervju med avisa Ha?aretz.
Han ser for seg at det vil bli innført eit spesielt system for å ta vare på heilagdomane i gamlebyen.
Utsegna til Barak stod på trykk onsdag, same dag som israelarane og palestinarane starta nye direkte samtalar i den amerikanske hovudstaden Washington. (©NPK)

