Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Blackpool vil leige Parr

(NPK-NTB): Blackpool ønskte ein leigeavtale for Aalesund-backen Jonathan Parr, men fekk avslag frå sunnmørsklubben.

Blackpool var i kontakt med AaFK tysdag, skriv Sunnmørsposten.

- Eg kan bekrefte at vi har fått ein førespurnad frå ein Premier League-klubb. Men pakken dei kunne tilby er ikkje i nærleiken av det vi kan akseptere, seier klubbdirektør Henrik Hoff til avisa.

Hoff vil ikkje bekrefte at det var Blackpool som viste interesse for venstrebacken, som debuterte på det norske landslaget i mai.

- Kontakten skjedde via ein agent som sa han representerte den engelske klubben. Dei ønskte ein leigeavtale ut sesongen. Det er uansett ikkje interessant for oss. Skal Jonathan forlate oss, må det vere snakk om sal og ikkje utleige, fortel Hoff.

Parr har kontrakt med Aalesund ut 2011-sesongen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.