Dei siste fem åra har Nav meldt over 7.400 nordmenn for trygdesvindel. Til saman utgjorde det svindel for over 870 millionar kroner.
Det får Frp sin leiar i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget til å reagere.
- Det kan verke som vi er i ferd med å få ein ny nasjonal sjukdom som kan kallast «trygdenarkomani». Denne sjukdommen veks. Vi politikarar må vere villig til å gi Nav auka ressursar slik at dei kan avdekkje fleire svindlarar, seier Eriksson til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) (©NPK).

