Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Boikottar Bjørnsonfestivalen på grunn av Jan Myrdal

(NPK-NTB): Professor Bernt Hagtvet trekkjer seg som foredragshaldar på Bjørnsonfestivalen i Molde i protest mot at den svenske forfattaren og journalisten Jan Myrdal skal delta på festivalen.

?Jan Myrdal er i dag Nordens fremste venstrefascist, folkemordsforsvarer og diktaturtilhenger. Han har systematisk forsvart Pol Pots massedrap på Kambodsjas befolkning?, skriv professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Bernt Hagtvet, i eit ope brev til leiinga i Bjørnsonfestivalen.

Jan Myrdal skal snakke over temaet Bjørnson og nasjonstanken i Molde i morgon. Etter planen skulle Hagtvet snakke om nasjonsbyggjaren Bjørnson på Nesset prestegard fredag.

- Eg vil ikkje at mitt nærvær skal gje hans synspunkt skin av å vere seriøse nok til å ta alvorleg. Ved å stille opp blir dei verd ein omtale. Det er eg ikkje med på, seier Hagtvet til Dagsavisen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.