Harald Åge Sæthre, prosjektleiar ved Det matematisk-naturvitskapleg fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), fortel til studentavisa Studvest at det skjedde ei omvelting på studiet rundt 2000-2001.
- Det gjekk frå å vere det mest mannsdominerte studiet til å bli det mest kvinnedominerte, og det fell veldig saman med då Siri Kalvig kom på fjernsynsskjermen, seier han, og fortel at denne jenteboomen berre gjeld dette eine studieprogrammet på matematisk-naturvitskapleg fakultet.
Ved Universitetet i Oslo har dei ikkje sett nokon tilsvarande jenteboom. Der er berre 26 av 94 nye studentar på studiet fysikk, astronomi og meteorologi kvinner. (©NPK)

