Ifølgje VG vil dei private barnehagane vinne fram med viktige deler av kritikken mot regjeringa sitt forslag.
Familiepolitisk talskvinne i Ap, Gunn Karin Gjul, seier det endelege forslaget om dei private barnehagane truleg ikkje vil sjå ut som det gjorde i det opphavlege høyringsnotatet.
- Vi er opne for å sjå på andre måtar å gjere regelen betre og meir presis på, seier ho til VG.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen la før sommaren fram eit forslag som innebar at kommunane, når barnehagedrifta blir avslutta, skal kunne krevje tilbake verdiar som er bygt opp i barnehagen. Dette punktet blir truleg endra, ifølgje Gjul.
Familiepolitisk talskvinne i SV, Gina Barstad, seier regjeringa kjem til å innføre ein form for kontroll av utbytte, men at dette nødvendigvis ikkje kjem til å bli ordrett likt forslaget i høyringsnotatet. (©NPK)

