Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Trekkjer tilbake italiensk ost grunna E. coli-frykt

(NPK-NTB): Oluf Lorentzen trekkjer tilbake ei rekke italienske ostar frå produsenten Lat Bri Italia på grunn av mogleg E. coli-smitte.

Forhandlaren viser til informasjon han har fått om mogleg smitte, og trekkjer ostane frå marknaden med umiddelbar verknad. Kundar som har kjøpt dei aktuelle ostane, blir bedne om å returnere dei til butikken eller destruere dei.

Tarmbakterien E. coli kan gi matforgifting av varierande grad. Sjukdommen er som regel ikkje veldig alvorleg, men kan vere livsfarleg for barn, eldre og personar med nedsett immunforsvar.

I 2006 blei 18 menneske sjuke og eitt barn døydde etter å ha blitt forgifta av E. coli frå infisert kjøtpålegg.

Det er snakk om Mozzarella-ost, Mascarpone-ost og Ricotta-ost av ulike slag. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.