- Dette er eit stipend vi gir til ein forfattar det er grunn til å forvente seg mye av, sa direktør i Den norske Bokhandlerforening, Randi S. Øgrey, under tildelinga i Alexandraparken i Molde tysdag.
Sigmund Løvåsen er frå Trysil. Han debuterte i 2003 med romanen «Nyryddinga». Romanen «Brakk» kom i 2006, og i fjor kom den hittil siste boka frå han, romanen «Mamsell Iversen». Det er ein slags bygdekrim der ei prostituert veverske er ein hovudfigur.
Løvåsen er også nestleiar i Den norske Forfatterforening. (©NPK)

