Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Fire utval skal greie ut om sjøkabel

(NPK-NTB): Olje- og energiminister Terje Riis-Kristiansen set ned fire uavhengige utval som skal gjennomgå sjøkabelalternativet i Hardanger på nytt.

- Utvala vil sikre ei fornya, uavhengig og grundig gjennomgang av sjøkabelalternativet, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp).

Konsesjonen til å byggje luftleidningen Sima-Samnanger i Hardanger vart gitt 2. juli, men etter massiv motstand vart regjeringa pressa til å gjennomføre nye, eksterne gjennomgangar av sjøkabelalternativa. Utvala skal vere ferdig innan 1. februar 2011.

Utval ein skal greie ut om tekniske, økonomiske, miljømessige og andre relevante forhold knytt til ei sjøkabelløysing, og blir leia av Fredrik Rüter, sjef for Grid Connections i Vattenfall Power Consultant. Det andre utvalet skal vurdere verknader for kraftsystemet ved kabling og blir leia av professor Göran Andersson, direktør for EEH-Power Systems Laboratory i Zürich. Utval nummer tre skal greie ut om konsekvensane av at ein eventuell sjøkabel vil ta lengre tid enn ein luftleidning og blir leia av professor Fredrik Baldursson ved School of Business, University og Reykjavik. Det fjerde utvalet skal greie ut om dei samfunnsøkonomiske verknadene av sjøkabelalternativet og blir leia av professor Arild Hervik ved avdeling for økonomi, informatikk og samfunnsfag ved Høgskulen i Molde. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.