Assange er skulda for eitt tilfelle av trakassering av ei kvinne, etter at skuldingar om to tilfelle av valdtekt vart trekt tilbake. Måndag kveld vart han avhøyrt i rundt ein time på politihuset i Kungsholmen i Stockholm, stadfestar forsvararen Leif Silbersky.
- Min klient seier at han ikkje har gjort eit lovbrot, seier han til Aftonbladet.
Silbersky seier han forventar at påtalestyresmaktene vil droppe heile saka.
Bistandsadvokaten til dei to kvinnene som meldte Assange, Claes Borgström, har anka påtalestyresmaktene si avgjersle om ikkje å etterforske valdtektsskuldingane.
Assange sjølv hevdar skuldingane er del av ein svertekampanje, for å øydeleggje for nettstaden han driv. WikiLeaks har mellom anna offentleggjort hemmelege amerikanske dokument om krigen i Afghanistan. (©NPK)

