Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Planlegg å leggje ned militær aktivitet på Sola

(NPK-NTB): Forsvarsstaben skal ifølgje Stavanger Aftenblad planleggje å leggje ned mesteparten av den militære aktiviteten på Sola flystasjon.

Det kan røre ved mellom 100 og 150 faste statlege stillingar på Nord-Jæren, skriv avisa.

Aftenbladet viser til eit brev frå Forsvarsstaben det dei greier ut korleis dei kan gjere den militære verksemda på Sola så kostnadseffektiv som mogleg.

Ifølgje avisa blir det lagt opp til at den einaste militære aktiviteten som blir beheldt på Sola blir kjerneverksemda til redningsskvadrona, 330. skvadron.

Tilrådingane skal leggjast fram for forsvarssjefen som del av dei militærfaglege førebuingane til neste langtidsdokument for Forsvaret som skal gjelde for åra 2013 til 2017.

Det har vore militær verksemd på Sola i 71 år. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.