Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Noreg best i klassen på tiltak mot mobbing

(NPK-NTB): Program mot mobbing i skulen verkar, og dei norske tiltaka er spesielt vellukka, viser ei internasjonal undersøking.

I gjennomsnitt fører program mot mobbing til at mobbinga går ned med 20 til 23 prosent og talet på mobbeoffer med 17 til 20 prosent, skriv Forskning.no og viser til ei internasjonal undersøking utført av Campbell Collaboration.

Campbell Collaboration er eit internasjonalt forskingsnettverk med base i Noreg. Nettverket samarbeider med forskarar og lagar ei systematisk oversikt om effekten av tiltaka innan sosial-, justis- og utdanningssektoren, skriv Forskning.no.

Mest vellukka mot mobbing i skulen er intensive program, som går over lang tid, og noko av det som verkar best er foreldremøte, betre tilsyn på leikeplassar, samtalar med mobbarane, tilvising til rektor og tap av privilegium.

Resultata viser at antimobbeprogram har størst innverknad på barn som er 11 år og eldre.

Bergens-forskaren Dan Olweus blir trekt fram, fordi tiltaka som er inspirert av arbeidet er svært effektive, uavhengig av kva slags land programmet vart gjennomført i. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.