Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Internasjonale ekspertar utgreiar norske lyntog

(NPK-NTB): Dei fremste togekspertane i verda skal greie ut høghastigheitsbane i Noreg på oppdrag for Jernbaneverket.

Jernbaneverket samla måndag nokre av verda sine aller fremste høghastigheitsbaneekspertar for å vurdere korleis det norske jernbanenettet skal vere i framtida. Kommunikasjonsrådgivar for høghastigheitsbaneutgreiinga i Noreg, Lisbet Kierulf Botnen, seier til Nationen at Jernbaneverket, i tillegg til ei styringsgruppe, også har danna eit eige ekspertpanel som skal vere med å greie ut høghastigheitsbane i Noreg.

- I dette panelet, som hadde si første samling måndag, har me samla baneekspertar frå både inn- og utland, seier Botnen.

Ekspertpanelet består av åtte personar, der halvparten er henta inn frå ulike utanlandske baneprosjekt. Panelet har ingen leiar og vil operere mykje på eiga hand.

- Det er eigentleg utruleg at me har greidd å samle desse ekspertane til å møte i Oslo, seier Botnen, som opplyser at denne ekspertgruppa skal ha eit par samlingar i året.

- Det er marknaden som i all hovudsak avgjer togsatsinga i Noreg i framtida, og det vil vere opp til politikarane i etterkant å vurdere høghastigheitsutgreiinga me legg fram om halvanna år, seier Botnen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.