Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Regjeringspartia aukar leiinga i Sverige

(NPK-NTB): Regjeringspartia aukar leiinga over dei raudgrøne opposisjonspartia i ei ny meiningsmåling i Sverige. Samstundes går Sverigedemokraterna under sperregrensa.

I meiningsmålinga, som er gjennomført av Skop, får dei borgarlege regjeringspartia ei samla oppslutning på 49,8 prosent. Det er 5 prosentpoeng meir enn dei raudgrøne, som får 44,8 prosent.

Regjeringspartia har gått fram 1,1 prosentpoeng frå førre veke, medan dei raudgrøne har gått 0,5 prosentpoeng tilbake.

Moderaterna er største parti i målinga med ein oppslutning på 30,4 prosent. På andre plass kjem Socialdemokraterna med 30,0 prosent.

Sverigedemokraterna er under sperregrensa på 4 prosent med ein oppslutning på 3,7 prosent i målinga, eit fall på 0,7 prosentpoeng frå førre veke.

Endringane er alle innanfor dei statistiske feilmarginane. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.