Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Barnevernet blir budsjettvinnar

(NPK-NTB): Barnevernet i kommunane skal få auka løyvingar i neste års statsbudsjett. Samstundes varslar politikarane ordningar som skal sørgje for at pengane ikkje blir brukt på andre formål.

Det stadfestar sentrale raudgrøne politikarar overfor Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Årsaka til at fleire raudgrøne politikarar no vil bruke pisken, er at kommunane ikkje følgjer godt nok opp signala frå sentralt hald. I årets statsbudsjett har regjeringa « lagt til rette for » at det skulle bli 400 nye stillingar i det kommunale barnevernet, men halvveges i året var det berre 173 av desse stillingane oppretta eller planlagt for ei dryg veke sidan.

- Det er ikkje godt nok, sa barneminister Audun Lysbakken (SV) for ei dryg veke sidan.

- Me må sikre at me får dei nødvendige stillingane på plass, la han til og lova å kome tilbake til saka i statsbudsjettet for 2011.

No lovar Torgeir Micaelsen å gå inn for eit «målretta, økonomisk tiltak» for å styrke det kommunale barnevernet. Svaret er ifølgje Micaelsen ikkje berre meir pengar.

Samferdsle blir ein annan vinnar i neste års statsbudsjett. Det blir satsa på både veg og bane i tråd med løfta i Nasjonal transportplan. Det betyr vidare opptrapping mot målet om 100 milliardar kroner ekstra over ti år. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.