Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Bøkko vurderer profflag neste sesong

(NPK-NTB): Skøytestjerna Håvard Bøkko innrømmer at han er freista av det nye profflaget til Peter Mueller, men det er ikkje aktuelt å bryte med landslaget denne sesongen.

Noregs tidlegare landslagstrenar, Peter Mueller, har fått med seg den amerikanske stjerneløparen Shani Davis på ei ny proffsatsing.

Bøkko tykkjer planane til Mueller høyrest interessante ut, skriv Aftenposten og VG. Men hallingdølen understrekar at det ikkje vil vere aktuelt denne sesongen.

- Det høyrest spennande ut, og eg vil ikkje sjå bort ifrå nokon ting, men eg tek ingen avgjersler før denne sesongen er over, seier Bøkko til Aftenposten og understrekar at han går 100 prosent for landslaget denne sesongen. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.