Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Oslofolk betalar mest til felleskassa

(NPK-NTB): Oslofolk bidreg med over tre gongar så mykje til felleskassa som dei som bur i dei fire nordlegaste fylka.

Kvar Osloborgar betalte i snitt 140.000 kroner i skatt i første halvår 2010, medan nordtrønderane, nordlendingar og finnmarkingar bidrog med 45.000 kroner i snitt, skriv NRK.

Skattane frå olje- og gassindustrien er heldt utanfor.

Samfunnsøkonom, Terje Strøm, som har sett opp reknestykket basert på skattetala frå Statistisk sentralbyrå, forklarer dei store skilnadene med at store delar av befolkninga i Oslo er høgt utdanna.

- Osloregionen støvsugar resten av landet for dyktige menneske. Dei får seg godt betalte jobbar og skattar til Oslo, seier Strøm.

Førsteamanuensis Erlend Bullvåg ved Høgskulen i Bodø meiner statistikken bør lesast opp ned. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.