Måndag feira politikarane 152 nye ladestasjonar i Hordaland. I førre kvartal vart det selt beskjedne 13 elbilar i fylket.
- I 2030 har me som mål at 20 prosent av bilparken skal vere elbilar. Dette er noko me skal satse på, seier byråd Lisbeth Iversen (KrF) for byutvikling, klima og miljø.
Ho tykkjer ikkje det er råflott med så mange ladestasjonar til så få bilar.
- Dersom folk veit at det fins mange ladestasjonar, vil fleire ønskje å kjøpe elbil. I tillegg kjem det mange nye spennande modellar. Det vil føre til at fleire vel å køyre miljøvennleg, seier byråden. (©NPK)

