- Han sprang nokre få meter, medan han skaut på alt som rørte seg. Fleire politifolk kom til og omringa han, og han hadde ikkje noko anna val enn å ta sjølvmord, fortel polititenestemannen Jaroslav Spisiak. Han opplyser at gjerningsmannen truleg var rundt 50 år gammal.
Skytingen byrja like etter klokka 10, opplyser ei talskvinne for naudtenestene, Dmonika Sulkova.
Det er blitt opplyst at 13 personar vart såra. (©NPK)

