Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Framleis TV-rot på handballfronten

(NPK-NTB): Laurdag startar eliteserien i handball for kvinner, herreserien vert kasta i gang helga etter. Men det er framleis uavklart kven som skal distribuere handballen ut til norske TV-skjermar.

Førre sesong var det TV 2 som sendte kampar frå eliteseriane i handball. Fem dagar før seriestart er det usikkert kven som skal sørgje for at norske sjåarar kan sjå klubbhandball på TV til hausten.

- Det er lite nytt å melde akkurat no. Vi har jobba lenge saman med våre partnarar for å få til ein best mogleg avtale. Vi er i avslutningsfasen, men dessverre ikkje i mål, seier marknadssjef Gunnar Nybø i Norges Håndballforbund til NTB. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.