Folk frå Konkurransetilsynet kom måndag på umeldt besøk til fleire bedrifter for å sikre eventuelle bevis.
- Bakgrunnen for kontrollen er at tilsynet ønskjer å få stadfesta eller avsanna ein mistanke om samarbeid i strid med konkurranselova, skriv Konkurransetilsynet.
Ifølgje Nationen er det Nortura og Cardinal Foods som er under mistanke om å drive eit ulovleg prissamarbeid på kyllingslakteriet i Hå i Rogaland. Det går no føre seg kontrollar både i Rogaland og i Oslo, skriv avisa i nettutgåva si. (©NPK)

