Ein kontrakt mellom dei to amerikanarane vart klar i helga, skriv Aftenposten. I første omgang skal duoen samarbeide i eitt år, med opsjon til ytterlegare samarbeid fram til OL i Sotsji i 2014.
Ifølgje avisa har den norske sponsoren Rolf Hauge satsa millionbeløp på skøytelaget CBA Team.
- Eg kan stadfeste at Mueller blir trenar på fulltid for Shani Davis. No skal Davis bli allrounder, og målet er at han skal slå Sven Kramer i allround-VM i 2012, seier Hauge til Aftenposten.
I første omgang vil laget truleg bestå av to amerikanarar og to nederlendarar.
- På sikt er målet å hente Håvard og Hege Bøkko til laget. Det kan skje allereie til våren, seier Hauge. (©NPK)

