Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Putin snusar på presidentjobben

(NPK-NTB-Reuters): Statsminister i Russland Vladimir Putin gir uttrykk for at han vil bli president igjen.

I eit intervju med avisa Kommersant måndag avslører Putin at han har planar om å bli president igjen.

På spørsmål om valet i 2012 opptek han, svarar den tidlegare presidenten.

- Det interesserer meg. Eg ville seie som alle, men faktisk interesserer det meg meir enn nokon. Men eg vil ikkje gjere det til ein fetisj, seier Putin til avisa.

Vladimir Putin var president i Russland frå 2000 til 2008. Den russiske vallova hindra han i å stille for tredje gang på rad.

Sjølv om det no er Dmitrij Medvedev som no er president i Russland, er Putin i mange sine auge framleis den øvste leiaren i landet. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.