I april gjekk politiet i Bergen til storaksjon for å avsløre svindel med støtte til einslege forsørgjarar. Tolv personar vart sikta i det politiet og Nav har kalla «Operasjon Trygd».
- Mange stønadsmottakarar har funne kvarandre igjen etter den saka. Rundt 50 stykk har meldt frå, seier direktør Magne Fladby i Nav kontroll og innkrevjing til Dagens Næringsliv.
Ein gjennomgang viser at Nav har meldt frå til politiet om trygdesvindel for 870 millionar kroner frå 2005 og fram til 1. april i år. 7.437 personar er i same periode meldt til politiet for slik svindel. Det betyr at gjennomsnittsvindlaren har fått utbetalt 116.983 velferdskroner vedkomande ikkje skulle hatt.
Navs statistikk baserer seg på saker som er meldt til politiet, ikkje på rettskraftige dommar, og mørketala er store.
- Me kan rekne med at det blir svindla for milliardbeløp årleg, seier Fladby. (©NPK)

