Den norske oljeproduksjonen har falt 40 prosent dei siste ti åra, og i år blir det for første gang produsert mest gass på norsk sokkel. Analysebyrået Econ har gjort berekningar som viser at Noreg totalt vil tene 1.000 milliardar kroner mindre på gassproduksjonane enn forventa.
- Gassinntektene går dramatisk mykje meir nedover enn regjeringa har venta i nasjonalbudsjettet i år, seier seniorkonsulent Kent Vincent Pedersen i analysebyrået Econ til NRK.
Econ har i ein fersk rapport berekna at Noreg dei neste 30 åra vil tape meir enn eit heilt statsbudsjett på dei svært låge gassprisane. (©NPK)

