Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Mysteriet i Jotunheimen ikkje oppklart

(NPK-NTB): Forsøket på å finne DNA-profilen til kvinna som vart funnen død i Jotunheimen i fjor, var ikkje vellukka, og no blir truleg likfunnet ståande uoppklart, skriv VG.

I august i fjor fann brevvandrarar på Sandelvbreen i Lom kommune i Oppland beinrestar og personlege eigendeler til ei kvinne. Funnet bar preg av å ha lege lenge. Politiet byrja rutinemessig etterforsking i saka for å få kartlagt identiteten til kvinna.

Norsk politi har brukt internasjonal ekspertise i identifiseringsarbeidet. Det siste håpet til politiet var at ICMP-laboratoriet i Sarajevo skulle klare å framskaffe ei DNA-profil som kunne bli samanlikna med eventuelle slektningar. No viser det seg at dei likevel ikkje er mogleg å skape ein sikker profil.

- Dette er synd. Det er lagt ned utruleg mykje arbeid, men utan denne profilen er me dessverre like langt, seier Lom-lensmann Steinar Angard til VG.

Ei C14-datering slo fast at beinfunnet høgst sannsynleg stammar frå ein stad mellom 1680 og 1930. Kvinna var rundt 153 cm høg og var mellom 25 og 50 år då ho døydde.

Politiet har no ingen aktuelle personar, men håpar framleis at tips kan gi ei endeleg oppklaring av saka sjølv om den blir lagt bort. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.