Før første juni måtte du sjølv samle kvitteringar og søkje frikort hos Nav. No går det av seg sjølv og ordninga ser ut til å fungere. Frikortet blir sendt saman med ei oversikt over eigendelane som er registrert. Har du betalt meir enn du skal, får du pengane tilbake. Målet er at alle får frikortet i posten innan tre veker etter at dei har nådd frikortgrensa.
Eigendeler frå pasientreiser med rekvisisjon blir førebels ikkje registrert automatisk, men skal bli det ein gong neste år. Reisene skal blir registrert hos pasientreiser ANS i Skien, skriv Helsedepartementet.
Den automatiske ordninga gjeld heller ikkje frikort for eigendelstak 2, til eksempel hos fysioterapeut og enkelte former for tarmsjukdommar. (©NPK)

