Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Matmaktutval ber om meir tid

(NPK-NTB): Utvalet som greier ut maktforholda i daglegvaremarknaden, blir ikkje ferdige til 1. november som planlagt.

- Eg har ikkje sendt den formelle førespurnaden til regjeringa om meir tid. Men eg meiner det er viktigare at me får alle kort på bordet, enn at me leverer noko som ikkje held mål, seier utvalsleiar Einar Steensnæs til Nationen.

Han fortel at han har ein god dialog med landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp), som er ansvarleg for utvalet saman med statsråd Rigmor Aasrud (Ap), og statsråd Audun Lysbakken (SV).

- Dette er ein veldig kompleks sak. Det viser engasjement og alle førespurnadene me får. Møteverksemda går føre seg for fullt og interessa rundt arbeidet vårt er enormt. No blir det forventa at det kjem klare svar på bordet. Då blir det viktigare at me brukar den tida me må, enn å levere frå oss noko halvgodt, seier Steensnæs.

Han fortel at utvalet har hatt god hjelp i arbeidet sitt ved å sjå til fleire EU-land, der det også går føre seg eit arbeid for å finne ut kvar verdiskapinga i matvarehandelen tek vegen.

Steensnæs-utvalet skal « kartleggje styrkeforholda, vurdere utviklinga og foreslå tiltak som ivaretek interessene til forbrukarane med tanke på pris, vareutval, kvalitet og tilgjenge. Samstundes skal utvalet belyse moglegheitene for openheit og innsyn i heile matvarekjeda for å sikre tilfredsstillande samfunnsmessig kontroll». (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.