Bestanden av villsvin har auka kraftig i Sverige, som følgje av utvida jakt. No er truleg bestanden 100.000 dyr, og mange har funne vegen over grensa til Noreg.
I Noreg er dyret erklært uønska, og det er ingen avgrensingar i jakta. For tre år sidan dukka det første villsvinet opp i skogkanten i Aremark. Ivrige jegerar som er godt nøgde med det nye tilskotet til faunaen, har skote eit hundretal svin, skriv Aftenposten.
- Bestanden er mykje mindre, seier éin av dei største villsvinjegerane i bygda, Bjørn Bråthen, som fortel at han har skote få det siste året.
Nokre jegerar skuldar på hard skattlegging, medan dei fleste gir den harde vinteren skulda.
- Me har ikkje tal på villsvina i Noreg, men i Sverige har bestanden fått ein knekk på grunn av den harde vinteren. Det er ikkje urimeleg at det same har skjedd på vår side av grensa, seier seniorforskar Erik Lund i Direktoratet for naturforvaltning. (©NPK)

