Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Høgre klart størst på ny måling

(NPK-NTB): Høgre får 29,6 prosent oppslutning på ei ny meiningsmåling. Arbeidarpartiet får berre 26,1 prosent.

Høgre veks med 2,3 prosentpoeng, medan Ap fell med 1,9 prosentpoeng på målinga Synovate har gjort for Dagbladet i august.

Om målinga var resultatet av eit stortingsval ville Høgre og Frp aleine fått 91 av 169 plassar på Stortinget. Dei raudgrøne regjeringspartia ville berre fått 68.

Statsminister Jens Stoltenberg er ikkje fornøgd og erklærer at han vil ta igjen det tapte.

- Eg tek denne målinga svært på alvor. Rett nok stadfestar den svake målingar gjennom sommaren, men dette er eit svært lågt nivå. Eg er likevel heilt sikker på at det er mogleg å snu så dårlege meiningsmålingar. Hardt politisk arbeid er det som må til, seier statsminister Jens Stoltenberg til Dagbladet.

Frp er no det tredje største partiet med ein oppslutning på 22,3 prosent, eit fall på 0,7 prosentpoeng i forhold til juni. Kristeleg Folkeparti får 4,9 prosent, ned 0,2, medan Venstre får 3,2 prosent, tilbake 0,6. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.