Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Tysk turist fekk isblokk over seg

(NPK-NTB): Ein tysk turist er alvorleg skadd etter at han fekk ei isblokk over seg ved Briksdalsbreen i Stryn torsdag ettermiddag.

Turisten var saman med eit følgje frå eit cruiseskip i Geiranger og hadde, etter det lokalavisa Fjordingen fortel, gått forbi sperringa som markerer tryggingssona då ulukka skjedde. Ingen såg hendinga, men han blei funnen av ein annan turist som varsla AMK-sentralen.

Luftambulansen frakta mannen til Haukeland universitetssjukehus, som karakteriserer skadane som alvorlege.

Politiet har sperra av staden før Briksdalsbreen for å hindra andre turistar å gå for nær isbreen. Etter det Fjordingen fortel vil det på grunn av ulukka bli vurdert meir permanente tiltak. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.