- Når han ni månader etter at han gjekk ut av regjeringa går ut og gir råd om korleis dette lovforslaget om barnehagane skal bli motkjempa, er det heilt nødvendig å drøfte karantenereglane for politikarar som går over i PR-bransjen på nytt, seier ho til NTB.
Nybakk meiner også at det ikkje berre er nødvendig å diskutere om karantenetida på seks månader som Hanssen blei ilagt er lang nok, men at ein også må sjå på føresegnene om saksforbod. Hanssen fekk saksforbod i eitt år frå oktober 2009 til oktober 2010 for alle saker knytt til ansvarsområdet til Helse- og omsorgsdepartementet.
- Når han ni månader seinare går inn i ei sak som kjem frå den regjeringa han sjølv var med i, aktualiserer dette spørsmålet om ikkje saksforbodet bør bli utvida til å gjelde også saker som er drøfta i regjeringa, seier Nybakk.
Ho understrekar at Hanssen ikkje har brote den karantenetida han fekk frå Karanteneutvalet.
- Det dreier seg om brot på politisk tillit og politisk moral, seier Nybakk. (©NPK)

