Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Stor pågang på sosialstøtta ferie

(NPK-NTB): Fleire av organisasjonane som tilbyr arrangement og økonomisk hjelp til ferieturar, har opplevd auka pågang i sommar. Røde Kors har måtta seie nei til to av tre søkjarar.

I tillegg til tiltaka rundt om i kommunane, tilbyr frivillige organisasjonar som Røde Kors, Kirkens Bymisjon og Blå Kors ferieturar til ressurssvake familiar.

Pågangen av søknader har auke frå i fjor sommar hos alle tre, og dei har måtta seie nei til fleire hundre familiar som har ønskt seg ein ferietur, skriv Aftenposten.

Berre på Austlandet har Røde Kors motteke 670 søknader i år, mot 512 i fjor. Sjølv om kapasiteten er utvida har dei måtta avslå to av tre søknader. På Kirkens Bymisjons feriekoloni på Hudøy var det i år 2.550 søkjarar til 1.350 plassar, ein søkjaroppgang på 11 prosent.

- Me har prioritert barn som kjem frå barnevernet, via sosialkontor og gjennom helsetenesta på skulane, seier generalsekretær Børge Brende i Røde Kors.

Blå Kors har åtte turarrangement spreidd over heile landet for familiar som har rusproblem nært inn på livet. Dei opplev også stor pågang i år og har auka kapasiteten til 400 personar. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.