Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Bjørn skoten i Østerdalen

(NPK-NTB): Ein gammal hannbjørn på 218 kilo vart torsdag kveld skoten i Engerdal i Hedmark.

Bjørnen vart skoten i Lekjengskøra i Engerdal kommune i Østerdalen klokka 22.15, skriv NRK.

Fylkesmannen i Hedmark gav løyve til felling onsdag etter at det vart funne tre sauekadaver i området. Ifølgje leiar Tor Åsheim i Engerdal sankelag vart tennene til bjørnen lause, noko som tyder på høg alder.

Fredag morgon setter dei også i gang jakta igjen på ein bjørn i Snåsa i Nord-Trøndelag. Politimeisteren i Nord-Trøndelag la torsdag ut eit ferdselsforbod i eit område på 10 kvadratkilometer ved Roktdalen. Bjørnen, som vart skadeskoten natt til torsdag, kan vere farleg for fotgjengarar i området.

Tidlegare i veka vart ei binne felt ulovleg av eit anna jaktlag i Grong i Nord-Trøndelag. Jaktlaget hadde fellingsløyve på ein hannbjørn, og binna som vat skoten, hadde ein unge. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.