Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Giske trur folk vil akseptere øyremerkt skatt

(NPK-NTB): Næringsminister- og handelsminister Trond Giske (Ap) opnar for auka og øyremerkt skattar. Han trur partiet får medhald dersom veljarane veit at pengane går til skular og sjukeheimar.

- Eg trur me må ta debatten om me i større grad skal øyremerkt skattane, noko me så langt har vore veldig skeptisk til. Dersom me for eksempel betalar meir for skatt for å ruste opp skulane, så skal det dei betalar, faktisk gå til det formålet, seier Giske til VG.

Avisa har intervjua ein isetande næringsminister under ein parasoll på Algarve-kysten i Portugal, der Giske-familien ferierer saman med justisminister Knut Storberget (Ap) og familien hans.

Debatten har rast etter at partisekretær Raymond Johansen denne veka igjen opna den raudgrøne skattekista, som har vore lukka sidan 2004. Fleire sentrale politikarar i dei tre regjeringspartia meiner debatten må opp til valet i 2013. Det er Giske open for, men seier konklusjonen blir opp til landsmøtet.

- Sjølv dei mest overtydde sosialdemokratane må vere samde i at det ikkje er ei vinnarsak å gå til val på å auke skattane, men eg trur det er mogleg å gjere det forstått blant folk, seier Giske.

I tillegg til øyremerking, som han meiner ikkje er vesentleg annleis enn bompengefinansiering av konkrete vegprosjekt, meiner han det er ein føresetnad ved skatteauke at næringslivets konkurransedugleik ikkje blir skadelidande. Han stiller også som vilkår at ressursutnyttinga i det offentlege må bli betre. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.