Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Uroa for miljøskadar ved aukande bruk av vegsalt

(NPK-NTB): Norske vintervegar blir strødd med fleire tusen tonn salt. Naturvernarar og ekspertar ber om ei endring etter at saltskadane frå vinteren på tre og matjord er større enn nokon gong.

Vinteren for fem år sidan passerte det årlege forbruket av vegsalt 100.000 tonn, medan det dei to siste vintrane har vore brukt rundt det dobbelte. Brunsvidde tre og skadelidande jordbruksområde blir resultatet.

Ifølgje Per Anker Pedersen ved Universitetet for Miljø og Biovitskap på Ås er skadane etter sist vinter større enn nokon gong. Naturvernforbundet, jordbruksorganisasjonen Økologisk Norge og Småbrukarlaget krev no ei endring frå Statens vegvesen, skriv Nationen.

- Vegsaltet trekkjer også ned i grunnvatnet, som er éin av dei viktigaste innsatsfaktorane i landbruket. Det kan også vere skadeleg for dyre- og planteproduksjon langs vegane, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.

Fleire og fleire vegstrekningar blir salta på vinteren, i hovudsak på grunn av auka trafikk. Saltet kan skade planter så langt som hundre meter frå vegen, både direkte på blada og gjennom røtene.

Leiar Lars Erik Hauer i veg- og transportavdelinga i Statens vegvesen seier at dei er i gang med eit fireårig prosjekt som skal kome opp med alternative løysingar til å sikre vegar utan høgt saltbruk. I tillegg vil dei arrangere ein saltkonferanse i haust for å få innspel. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.