Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

- Fransk mor tilstår drap på åtte spedbarn

(NPK-NTB-AFP): Ei fransk kvinne har tilstått drap på åtte nyfødde barn, opplyser kjelder i det franske rettsvesenet. Saka er den verste babydrapssaka i moderne fransk historie.

Den 47 år gamle kvinna blei arrestert tysdag saman med ektemannen sin etter at politiet gjorde eit sjokkerande funn av åtte døde spedbarn i landsbyen Villers-au-Tertre i Frankrike.

Torsdag skal kvinna ha tilstått å ha drepe dei nyfødde barna, opplyser kjelder innan etterforskinga. Ho er no sikta for forsettleg drap, og det blir rekna med at dei drepne babyane er paret sine eigne barn.

Ektemannen til kvinna blei lauslaten torsdag, og påtalemakta har fråfalle siktinga mot han for å ha gøymt lika og latt vere å varsle politiet om drapa. Mannen skal ha nekta all kjennskap til saka.

Kvinna skal først ha tilstått å ha drepe to babyar for rundt ti år sidan, før ho innrømde å også ha tatt livet av dei seks andre nyfødde.

Fransk påtalemakt skildrar saka som den verste babydrapssaka i nyare tid i Frankrike. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.