Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Isbjørn angreip padlarar på Svalbard

(NPK-NTB): Ein person blei skadd då to padlarar blei angripne av isbjørn på Svalbard torsdag.

Dei to norske padlarane blei angripne av isbjørn i teltleiren sin på nordsida av Nordaustlandet på Svalbard. Den eine av padlarane skal vere skadd, men det er uvisst kor alvorleg skadane er.

- Det er oppretta kontakt med padlarane som fortel at situasjonen er under kontroll og at isbjørnen er skoten, opplyser Sysselmannen.

Meldinga kom inn til Sysselmannen ved 12-tida via Longyearbyen sjukehus. Padlarane tok sjølv kontakt med sjukehuset og gav beskjed om angrepet.

Redningshelikopteret med lege, sjukepleiar og to polititenestemenn er no framme, men Sysselmannen kan førebels ikkje seie noko om tilstanden til den eine padlaren. Begge padlarane skal vere i sikkerheit.

- Vi jobbar med å finne ut kva som har skjedd, men så langt er hendingsgangen uklar. Det vi kan seie er at det dreier seg om ein isbjørnepisode, seier assisterande sysselmann Lars Fause. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.