- Eit stort skadd rovdyr kan vere farleg, så eg tilrår folk å halde seg unna området, seier lensmann Arnstein Wagnhild i Snåsa til NRK.
Saman med rådmann, ordførar og fylkesmann skal lensmannen torsdag avgjere om det skal bli lagt ned ferdselsforbod i området.
Klokka halv eitt natt til torsdag fekk politiet melding om at ein bjørn var skote i Roktadalen i Snåsa, men ikkje drepen.
- Bjørnen hadde ikkje lagt seg ned. Den kan difor vere skadd, men det er usikkert, seier operasjonsleiar Svein Olav Bruun i Nord-Trøndelag politidistrikt.
Det er funnen blodspor, og det blir leita etter bjørnen. Ein skadeskoten bjørn er i utgangspunktet farleg for folk. (©NPK)

