Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Skuffande resultat frå Statoil

(NPK-NTB): Olje- og gassgiganten gjorde det svakare enn venta i andre kvartal. Eit justert driftsresultat på 36,4 milliardar kroner var langt dårlegare enn analytikarane på førehand hadde venta.

Analytikarane venta eit justert driftsresultat på 38 milliardar kroner, men resultata frå andre kvartal i år viser eit justert driftsresultat på 36, 4 milliardar kroner.

- Det andre kvartalet til Statoil blir kjenneteikna av solid drift og eit høgt aktivitetsnivå, seier konsernsjef i Statoil Helge Lund i kvartalsrapporten.

Selskapet opplyser at kvartalsresultat vart påverka av ein 32 prosent auke i oljeprisen, og eit fall i gjennomsnittsprisen på gass på 12 prosent.

- Produksjonen til Statoil er i rute. Eigenproduksjonen har auka med 6 prosent samanlikna med andre kvartal i fjor. Planlagde revisjonsstopp vil likevel påverke produksjonen betydeleg i tredje i tredje kvartal, seier Lund. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.