PST gjennomførte den hemmelege ransakinga i bustaden til Davud i fjor haust, ifølgje VG.
Under ransakinga fann dei fire passbilete av det dei har identifisert som den ettersøkte terroristen Ibrahim Adam, i tillegg til namnet til terrorleiaren Abdul Hafiz. Etterforskarane i PST meiner det er urovekkjande at dei fann dette namnet hos Davud.
- Det kan hende Hafiz har vore nemnt i avhøyr. Det fins mange med det namnet, og det seier ikkje noko spesielt, seier advokaten til Davud, Carl Rieber- Mohn, om funna til VG.
Rieber-Mohn er heller ikkje sikker på om dei nemnte passbileta er av Ibrahim Adam, eller om alle fire er av same person.
- Eg har ikkje sett noko dokument som gjer bileta mistenkelege. Me veit ikkje om det er same person, eller korleis identifiseringa skal ha skjedd. Eg er skeptisk til dette, seier han. (©NPK)

