Mre.no

Tips oss: 70 07 44 21/995 22 999

Søk på i nettutgåva, papirutgåva, google, kvasir og telefonkatalogen

annonse

Nortura-slakteri snart halvert

(NPK-NTB): Med nedlegginga av slakteriet i Namsos onsdag er Nortura i rute med nedlegginga av seks slakteri i 2010. Neste år skal dei ha skåre bort over halvparten av fabrikkane på 10 år.

Tidleg onsdag ettermiddag møtte den siste kua sin ende ved Nortura Namsos. Etter dette året står 17 slakteri igjen, og sju av dei går også ei usikker framtid i møte, skriv Nationen.

Konsernet er i gang med ei styrking av organisasjonen, som inneber store kutt og effektivisering, for å gjere seg meir konkurransedyktige. Både omsetninga og overskotet har auka i år, samanlikna med 2009, men også i perioden januar-april i år gjekk Nortura 48 millionar kroner i minus.

- Det er viktig å få ned kostnadene mest mogleg og raskast mogleg, også med tanke på at internasjonal konkurranse bankar på døra. Sterk konkurranse i butikkane er også inspirerande for eit merkevarehus som Nortura, seier Sveinung Svebestad, styreleiar i Nortura.

Konsernet Nortura vart danna i 2006 då samvirkeføretaka Gilde Norsk kjøtt og Prior Norge slo seg saman. I 2001 hadde dei to til saman 41 slakteri. I 2011 skal talet ned i 17. Eit storslakteri skal ta over for dei små slakteria i kommunane. Storslakteriet skal liggje i Malvik i Sør-Trøndelag og er på heile 20.000 kvadratmeter.

Også andre deler av landbruket må effektivisere som følgje av stor konkurranse. Tine Har sidan 1990 lagt ned 70 meieri. (©NPK)

Tips ein ven

Sende til fleire mottakarar? Separer adressene med komma.